Velkommen til Hardanger Feriesenter

Atmosfære  Opplevingar  Omtanke


Hardanger Feriesenter er eit av dei største feriesentra på Vestlandet.
Vi ligg flott til rett ved Hardangerfjorden og har eit breidt tilbod av tenester.
Vi har ope heile året for hytteutleige, arrangement og camping.


Atmosfære

Hyttene oppi lia er dekorerte med tema som viser åtte forskjellige livsstilar. I våre luksushus ved fjorden er inspirasjonen teken frå aust til vest i verda. På gardstunet er du tilbake i eit historisk miljø med lange tradisjonar. Vårt selskapslokale er frå 1600-talet. I minikursanlegget får du høgtidleg stemning i Eikerommet og eit moderne læringsmiljø i kurslokalet.


Opplevingar

Som gjest hos oss er du omkrinsa av opplevingar og attraksjonar. Ved fjorden har vi båtutleige og badeplass. Oppi lia er det tilrettelagt 1800 meter skogsti som passerer den freda eika. På oversida finn du eit stort hestesenter og den fine golfbanen. Med 3 kilometer til begge sentrumsbygdene har du tilgjenge til kjøpesenter, museum, kulturhus og festivalar.

Den dramatiske naturen vår byr på vandring bak Steinsdalsfossen, breføring på Folgefonna og spegling av 800 meter høge fjell i djupet av Fyksesundsfjorden. Ni månader lang skisesong, seglturar med øyhopping og elverafting er berre nokre av døma på aktivitetar hos oss.


Omtanke

Hardanger Feriesenter er åpent året rundt. Vi har lange åpningstider og utanom desse kan du kontakta oss på mobil. Då møter vi deg i resepsjonen på 5 minuttars varsel.

Med 30 års erfaring har vi god kunnskap om kva som er verdt å oppleva i Hardanger. Ved ankomst kan vi tilby ei innføring om dei mange opplevingane. Utflukter, fiske eller eigne rundturar på fjorden gir deg mange val. Vi gir deg gjerne råd for å få mest mogleg ut av ditt opphald.

På feriesenteret kan du velja mellom sjølvstell og forskjellige servicenivå. På den måten kan vi tilpassa opphaldet etter dine behov. Sjå vår prisliste for detaljar. Vi har eit komplett tilbod på ferie, kurs og fritid. Vi har tenkt på kva for ønsker du kan ha for ditt opphald.
Enten du vil ha ferie, kurs eller selskap, skreddersyr Hardanger Feriesenter dette for deg.

Hardanger Feriesenter ligg rett ved fjorden, midt mellom sentrumsbygdene i Hardanger. Her kan du bu luksuriøst i fjordkanten, naturnært oppi den verna eikeskogen, eller herskapeleg i det gamle tunet. Vi har kursanlegg, selskapslokaler og båtutleige, samt ei rekke spennande opplevingar i nærområdet.
Vi har ope heile året.


Velg innkvartering
etter stil og lommebok. Innkvarteringsalternativa har forskjelleg standard og atmosfære. Prisane varierer etter sesong og antal personar. Hos oss kan du kombinera eit særprega miljø med eksklusive opplevingar.



Vertskapet
heiter Geirmund Nes og Henni Toft. Heile staben er oppteken av at du skal få eit vellukka opphald. Velkommen!




Transport
Buss 925, Hardanger-bussen, går frå Nonneseterterminalen på Bergen Busstasjon og tek halvannan time. På forespurnad stoppar han like ved resepsjonen. 


Hardanger Feriesenter AS, Hardangerfjordvn. 341, 5600 Norheimsund, Tlf: 98 42 24 24, Fax: 56 55 13 64

 Powered by Makeweb