Nyheter
3/28/2023
2023

Spekkhoggarar i Hardanger

Hardangerfjorden har den største nisebestanden i heile landet. Sjølv om det er sjeldent å sjå spekkhoggarar i Hardanger, har det vært fleire som har gjort det i nærområdet rundt Hardanger Feriesenter.

Spekkhoggarar i Hardanger

Hardangerfjorden har den største nisebestanden i heile landet. Spekkhoggarar er derimot sjeldnare å observera så langt inne i fjorden. Men dei siste åra har det vore fleire spekkhoggarar i den vakre Hardangerfjorden. Spekkhoggarar er meir vanleg å sjå i nord-Norge på grunn av mengda av sild. Årsaka til at spekkhoggarane kjem til Hardangerfjorden og er der fleire månadar i året er nisene.

Spekkhoggarar er den fysisk største arten i delfin-familien. I Norsk farvatn  er det anslått at det er 15 056 spekkhoggarar. Det er lite som tyder på at bestanden skal gå ned, sidan dette er ein art som ikkje er trua av fangst.

Spekkhoggarane er utprega flokkdyr som lever i familieflokkar med sterke bånd mellom individa.Derfor ser ofta fleire spekkhoggarar i lag. I Hardangerfjorden har det variert kor mange som er observert i flokk (mellom 3-7 stk).

 Etter at spekkhoggarane kom til Hardanger har spekkhoggarsafari blitt ein stor hobby for mange, og fleire reiser langt for å sjå spekkhoggarane med eigne auger.

Facebookgruppa «Spekkhoggara i Hardanger» har 6,4 k følgarar og er ei veldig aktiv og engasjert gruppa som er open for alle å følgja. Der blir det delt bilder/filmar og opplysningar om kvar spekkhoggarane oppheld seg til ulik tid.

Sidan 2015 har spekkhoggarane besøkt Hardangerfjorden og opphaldt seg der i fleire månadar.Normalt er dei blitt observert i frå mars-mai, men i 2022 blei dei allereie observert i desember.

Fleire tek båten eller bestiller seg ein tur med ribbåt i håp om å få sjå desse skapningane på nært hold. Det er forbode å køyre båten heilt inntil spekkhoggarane. Og ein kan sjå spekkhoggarane godt frå land og.

Se flere nyheter